Bokomslag

Ti kniver i hjertet

Tuva skal begynne i 7. klasse og gler seg veldig! Spesielt gler ho seg til å fortsette å lage verdas beste hytte i skogholtet ved skulen, saman med bestevennene Bao og Linnea. Men noko har forandra seg. Linnea vil ikkje leike i skogen lenger, ho har fått seg kjærast, og er opptatt av sminke og kle. Bao og Linnea blir uvenner, og midt i mellom står Tuva og veit ikkje kva ho vil og kor ho høyrer heime. Og som om det ikkje var nok, så blir Tuva plutseleg forelska. Nydeleg grafisk roman om vennskap, forelsking og den litt flokete overgangen frå barn til ungdom. Varmt anbefalt, spesielt for 6.–7. klasse.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Kategorier: 
Boktips