Stillheten etterpå

Kor mykje skal til for å knekke eit menneske? I denne romanen møter vi Ada og Odd-Erik. Ada er seksten år, har hatt det vanskeleg på ungdomskulen, og er klar for ein ny start på vidaregåande. Odd-Erik er nyutdanna lærar, på veg inn i sin første jobb. Begge er spente på kva året skal bringe – og det går ikkje som nokon hadde tenkt. Boka er ei sterk leseoppleving, og tek for seg mobbing, #metoo og kor vanskeleg det kan vere å gjere det rette. Passar frå 14 år og oppover.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Boka kan du òg låne på BookBites.

Kategorier: 
Boktips,
E-bok