Stamceller
- Forfatter:
- Øystein Runde
Visste du at kroppen din består av uendeleg mange bittesmå celler? Cellene er ørsmå byggeklossar og er spesialiserte til alle dei ulike tinga kroppen treng – for eksempel hud, hår eller blod. Men så finst det ei sort celler som er heilt unike, nemleg stamcellene. Dei kan bli til kva som helst og kjem til redninga når kroppen treng det. Dei er rett og slett kroppens superheltar! I denne fakta-teikneserien får vi lære masse om stamceller og alt det rare og imponerande som skjer inne i kroppen vår. Perfekt for nysgjerrige lesarar på mellomtrinnet.
Omtalen er skriven av Anna Sunniva.
- Kategorier:
- Boktips