Bokomslag

Passe happy

Kor happy må ein gå rundt og vere? Det lurer Juri på. Han er tolv år og usikker på det meste. Må han spele fotball? Kjem foreldra til å bli samen igjen? Korleis veit ein eigentleg at ein er forelska? Han har så mange tankar og kjensler, og skjønnar ikkje at alle andre er så sikre på alt – og så happy heile tida! Kari Stai sin første barneroman tek både hovudpersonen sin og lesaren på alvor, i ei nær og varm skildring av tolvåringen Juri. 9–12 år.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Kategorier: 
Boktips