Bokomslag

Ollis

Forfatter:
Ingunn Thon
Lån boka her

HARABALL! Slik helsar bestevennane Ollis og Gro på kvarandre, så høgt at det ristar i veggane. Ollis og Gro er veldig ulike. Ollis er redd for mørke, for ukjende stiar og sinte geitebukkar. Gro er ikkje redd for nokon ting. Likevel er dei sånne bestevennar som ingenting kan skilje. Men så har Ollis ein hemmelegheit, ein skikkeleg stor ein. Kva skjer om Gro får vite det? Likte du Vaffelhjarte, så kan dette vere boka for deg. Ein morosam, spennande og sår roman om vennskap og familie. 8–12 år.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Kategorier: 
Boktips