Bokomslag Nørd

Nørd

Kunne du blitt ein internett-hit? Det er utfordringa til Marie, når ho får i skuleoppgåve å lage noko som «tek av» i sosiale media. Ho er jo heilt vanleg. Viss ho skal prøve å vere kul så blir det berre klønete og teit.

Nettopp derfor foreslår bestekompisen, Espen, å filme Marie som klønar ting til. Og det blir ein kjempehit! Plutseleg får Marie sjansen til å bli populær. Men kor mykje er ho villig til å risikere for å holde på populariteten?

Likte du bøkene om Superbitchene, så er kanskje dette ei bok for deg. Morosamt, sårt og gjenkjenneleg om den tidlege ungdomstida.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Kategorier: 
Boktips