Bokomslag Skjebnesteinen

Noe tapt og noe vunnet

Skulebussen stoppa ikkje ved huset til Tara Westover då ho vaks opp. Ho og søskena gjorde meir nytte for seg på faren sin skraphaug eller hos mor på kjøkkenet, meinte foreldrene. I denne memoarboka fortel ho om korleis livet var i ein ultra-konservativ mormonerfamilie, som verken trudde på offentleg skulegang eller moderne medisin. Etter år med svært mangelfull heimeskule, greidde likevel Tara å ta steget ut av heimen og inn i høgare utdanning. Ho fortel opent og reflekterande om denne reisa og om kva ho har tapt og vunne på vegen. Intens og gripande oppvekstfortelling!

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Kategorier: 
Boktips