Kakerlakken av Ian McEwan

I Kafka sin kortroman «Forvandlinga», vaknar ein mann ein morgon og er forvandla til ein kakerlakk. I si siste bok snur Ian McEwan rundt på denne forvandlinga – ein kakerlakk vaknar ein morgon i kroppen til ein mann! Og ikkje kven som helst heller, han vaknar i kroppen til den britiske statsministeren. Og han har eit mål. Han skal gjennomføre den store, kontroversielle reforma som britane har krangla om i årevis.

Med sin heilt eigen vri på ein klassikar, skriv ein av Storbritannia sine viktigaste forfattarar satirisk og skarpt om Brexit, falske nyhende og politisk spel.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Kategorier: 
Boktips