Ingen skal høre hvor stille det er

Hanna har ei mor som er kunstnar og ein far som er flygar. Mor har psykiske problem og har tre personlegdommar: «Kråka» er hyperaktiv og skal gjera alt, mens Hanna blir oversett. «Nattfuglen» er stille og lei seg. Når alt er bra er ho berre mamma og ting er som dei skal. Dette er Hanna sin barndom.

Som vaksen møter me Hanna etter mora sitt sjølvmord, og far slit med sorga. Hanna slit med tankar om det verkeleg var sjølvmord.

Ei gripande skildring av ein vanskeleg barndom og ei stor sorg.

Denne finn du òg som e-bok i BookBites.

Omtalen er skriven av Haldis.

 

Kategorier: 
Boktips,
E-bok