Bokomslag Harold Frys utrolige pilegrimsferd

Harold Frys utrolige pilegrimsferd

Harold Fry er ein stillferdig type, har eit rolig kvardagsliv og gjer aldri noko uventa. Alt dette blir snudd på hovudet då han ein dag får eit brev frå ein gammal venn. Utan eit fnugg av planlegging legg Harold ut på ei lang reise – han skal gå frå Englands sørkyst til Berwick i nord.

Turen skal vise seg å røske opp i fortrengte minner, introdusere han for nye folk og lære både han og lesaren ein heil del om det å vere menneske. Hjartevarm og sjarmerande om livets oppturar og nedturar. Likte du «En mann ved navn Ove», bør du gi Harold Fry ein sjanse.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Sjå boktraileren her!

Kategorier: 
Boktips