Bokomslag

Gratis og uforpliktande verdivurdering

«Her vil eg bu,» seier Hanne og jakta på draumehuset startar. Hanne, mannen og dei to små borna deira bur i ei leiligheit dei tykkjer er altfor lita. Alle vennene har no store born og villa med hage. Hanne blir heilt oppsett på å få tak i draumehuset og vil setja mykje på spel for å nå draumen. Det leiar til eit oppgjer med val ho og mannen har tatt knytt til jobb, karriere og born. Lev dei i ei livsløgn? Amalie Skram-prisvinnar Marit Eikemo leverer nok ein sylskarp samtidssatire. VG seier det slik: «[En] knakende god pageturner om norsk middelklassehverdag, knuste drømmer og jakten på det perfekte liv.»

Omtalen er skriven av Marianne.

Boka kan også lånast som e-bok i BookBites.

 

Kategorier: 
Boktips,
E-bok