Bokomslag

Fotball eller livet : novellesamling for ungdom

Forfatter:
Tone Nilsen-Bie
Lån boka her

Marlen, Kaja, Naomi, Tilde og tvillingane Rose og Jasmin er veninner og spelar på same fotballag. Fotball er sentralt i handlinga, men det meste skjer utanfor fotballbanen. I fleire av dei åtte novellene opplev vi at venninnene tøyar grenser for rett og galt. Kva skal dei våge og kva skal dei la vere? Det er ikkje berre på fotballbana at det blir stong ut, eller at det raude kortet svir. Sjølv om jentene er mykje saman, heldt dei ting skjult for kvarandre. Men løyndomar har det med å symje mot overflata, har dei ikkje?

Boka er lettlest med god driv. Den kan også få ein til å reflektere over eigne handlingar. Novellene kan lesast kvar for seg og i den rekkefølgen du har lyst til, men eg syns det var fint å lese boka frå start til slutt og såleis oppleve den overordna historia som ligg der. Eg håpar du tek imot innkastet og dryler ballen i mål.

God lesesommar!

Omtalen er skriven av Marianne.

Kategorier: 
Boktips,
Boktips til ungdom