Bokomslag

Døgnåpent

Forfatter:
Sayaka Murata
Lån boka her

36 år gamle Keiko er timeansatt i ein døgnopen kiosk på attande året, og ho elskar jobben sin. Det skarpe lyset frå taket, duren frå kjøleskapa, plinget når det går i døra – alt er ein del av henne. Men i følgje dei rundt ho, lev ho livet sitt feil. Ho skulle hatt ein ordentleg jobb, eller aller helst vore gift! Ho passar rett og slett ikkje inn. Keiko er lei av maset, og når Shiraka dukkar opp, ein hengslete, usympatisk type som heller ikkje passar inn, får Keiko ein idé.

Ei uvanleg stemme får styre denne historia om normalitetspress og om å stå utanfor samfunnet sin mal for korleis du skal leve. Forfriskande, uventa og presist frå Sayaka Murata.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Kategorier: 
Boktips