Den ville roboten
- Forfatter:
- Peter Brown
Kva skjer når ein intelligent robot vaknar opp på ei øde øy? Roboten Roz blir skylt i land på ei frodig øy, heilt utan menneske, men full av dyreliv. Alle dyra er redde for henne og trur ho er eit monster. Men kva skjer når Roz lærer seg å snakke med dyra? Kan robotar og dyr bli venner? Kan ein robot til og med bli glad i dyra rundt seg? Original og hjartevarm historie om vennskap, familie og å finne sin plass i livet. Passar for 8–12 år.
Omtalen er skriven av Anna Sunniva.
- Kategorier:
- Boktips