Beistet og Bettina
- Forfatter:
- Jack Meggitt-Phillips
Ebenezer Tweezer er 511 år og tenker berre på seg sjølv. Han har eit monster på loftet som gir han alt han vil ha, så lenge han matar det med alt monsteret får lyst på. Ein dag får monsteret lyst til å ete noko det aldri har smakt før, nemleg eit barn. Kan Ebenezer gå med på noko så frykteleg? Når den magiske ungdomseliksiren står på spel, må han kanskje det.
Morosam, grøsseleg og eventyrleg barnebok om ein egoistisk vaksen, eit ufyseleg barn og eit monster som er veldig, veldig svolten.
Omtalen er skriven av Anna Sunniva.
Boka kan også lånast som e-bok i BookBites.