Bak lukkede dører
- Forfatter:
- B.A. Paris
Grace og Jack er tilsynelatande eit perfekt ektepar. Jack er ein flott, rik og vellukka advokat. Grace er ung og vakker og ofrar sin eigen karriere for å stella den nye heimen dei flyttar inn i straks etter dei har gifta seg. Grace trur på ei ljos framtid. Men allereie bryllaupsnatta viser Jack sitt sanne andlet. Grace sitt liv blir til eit helvete, men ho veit ho må halda ut for å redda veslesøstera som har Downs syndrom. På overflata verkar alt perfekt, men ingenting er slik det ser ut til å vera. I stor spenning følgjer me Grace i kampen for å redda seg sjølv og søstera ut av Jacks klør.
Omtalen er skriven av Haldis.
- Kategorier:
- Boktips