Uforpliktande oppstarts- og informasjonsmøte om Lesevenn
Vil du bli lesevenn på Askøy? Er du glad i å lese? Vil du lese høgt for andre?
Alle kan vere lesevenn! Ein frivillig som les høgt for andre som av ulike grunnar ikkje kan lese sjølv. Har du litt tid til overs eit par timar i månaden og er glad i bøker og menneske, er det eit perfekt utgangspunkt. Å bli lest høgt for gir auka livskvalitet! Institusjonar som får besøk av ein lesevenn, fortel om ei styrking av fellesskapet.
Dei fleste lesevennene er frivillige som blir rekruttert av bibliotek, frivilligsentralar og ideelle organisasjonar. Mange pensjonistar, men også yngre menneske brukar noko av tida si på å lese for andre. Bli med i eit triveleg fellesskap, ei god oppleving med låg terskel. Inngangen er eigen kunnskap og målet er ikkje knytt til å prestere.
«Å være Lesevenn er en meningsfull jobb. Jeg går alltid med et stort smil ut døra! Så det er ingen ting å lure på – folk må kontakte sitt lokale bibliotek og bli Lesevenn» – Platou Aarseth.
Har du spørsmål om lesevenn-prosjektet, ta kontakt med froydis.flotve@askoy.kommune.no
Tid: Torsdag 17. september kl. 12.30–13.15
Sted: Askøy folkebibliotek
