Tor med hammaren
Ei historie som er tusen år gammal, men like spennande framleis!
Tor med hammaren var ein av dei mektigaste gudane i vikingtida. Ein dag oppdagar han at nokon har tatt hammaren hans, Mjølner! Dette er ein katastrofe. Utan hammaren kan ikkje Tor forsvare gudar og menneske mot jotnane, som er ein slags troll. Her blir det både torden og brak når Tor må få hjelp til å finne ut kven som har tatt hammaren.
Forteljing og dramatisering for 4- til 7-åringar.
Tid: Torsdag 24. oktober kl. 10.15
Stad: Askøy folkebibliotek
OBS! Store grupper og barnehagar MÅ reservere billettar på førehand.