
Tesalong med boktips – spesialutgåve: Fortalt fortid
Kva var annleis for hundre år sidan? Kva for nyvinningar gav frampeik til den moderne verda industrialiseringa sette fart på? I romanen si form kan ein plukke frå fakta, dikte og sette saman til nye historier.
I samtale med Jenny Micko og med utgangspunkt i romanserien Krystallpikene skal vi løfte fram artige detaljar frå den gong då.
Set deg ned, slapp av og bli med attende i tid med Krystallpikene. Vi serverer drikke og noko å bita i, med ein smak av «Afternoon Tea».
Tid: Tysdag 7. oktober kl. 18.00–19.00
Stad: Askøy folkebibliotek
Påmelding grunna matservering (seinast kl. 12 dagen før). Gratisbillettar finn du her. OBS! Det er få plassar. Ved påmelding, hugs òg å sende ein e-post til bibliotek@askoy.kommune.no om eventuelle matallergiar, så legg vi til rette så godt vi kan.
Arrangementet er støtta av Fritt Ord.

Jenny Micko på Litterær vandring på Ask, april 2025.