Tesalong med boktips – spesialutgåve
Vi får storfint besøk av kollegaer frå Bergen offentlige bibliotek! Dei presenterer bøkene som er nominert til Bibliotekenes litteraturpris, der alle kan vere med å stemme på sin favoritt.
Set deg ned, slapp av og få inspirasjon til eit rikt utval av bøker. Vi serverer drikke og noko å bita i, med ein smak av «Afternoon Tea».
Tid: Tysdag 24. juni kl. 13.00–14.00
Stad: Askøy folkebibliotek
Påmelding grunna matservering (seinast kl. 12 dagen før). Gratisbillettar finn du her. OBS! Det er få plasser. Ved påmelding, hugs òg å sende ein e-post til bibliotek@askoy.kommune.no om eventuelle matallergiar, så legg vi til rette så godt vi kan.
