Tesalong med boktips: Forfattarprat!
Velkomen til vår tesalong!
I lune omgjevnadar presenterast utvalte bøker for vaksne. Set deg ned, slapp av og få inspirasjon til eit rikt utval av bøker. Vi serverer drikke og noko å bita i, med ein smak av «Afternoon Tea».
I kveld ynskjer me dykk velkomne til tesalong med lokalforfattar Arvid Kåre Merkesvik. Han har gitt ut boka «Herdla: En øy for natur, historie og kulturopplevelse» og kjem for å prate om boka og prosjektet sitt. Her vil me få eit innblikk i historia til den helt spesielle øya, frå siste istid til kvardagen i vår tid.
Arvid har brukt mange år på boka og me gler oss til å høyra om det.
Datoar framover:
- 17. november kl. 18.00: Tesalong med boktips: Forfattarprat!
- 8. desember kl. 13.00
Påmelding grunna matservering (seinast kl. 12 dagen før). Gratisbillettar finn du her. OBS! Det er få plassar. Ved påmelding, hugs òg å ta kontakt om eventuelle matallergiar, så legg vi til rette så godt vi kan.
