Teaterrotta fortel: Den vesle bygda som gløymde at det var jul
Askøy Lions Club i samarbeid med Askøy folkebibliotek ønsker velkommen til familielaurdag!
Det lir mot jul og menneska er travelt opptekne med å stelle alt i stand, gåver skal pakkast, graut kokast, sko pussast… Men det er noko uforklarleg som skjer. Det knirkar og taslar i gongane, merkelege og mystiske ting skjer stadig vekk. Ingen har heilt klart å oppdage kva alt dette mystiske er, sjølv om det har vore nære på nokre gongar. For dei som taslar og gneg er: oss teaterottane. Vi har budd i huset i mange, mange år, og vi passar godt på å halde oss skjult i kulissane. Men det å skulle vere usynleg er ikkje alltid like kjekt, særleg ikkje når du mest av alt har lyst til å feire jul saman med andre, og det vil eg. Eg er teaterrotta Pernille, bli med meg og fetteren min Jeppe på ei superduperhemmeleg førjulsstund.
Passar frå 4 år. Basert på historia av Alf Prøysen. Av og med Lina Taule Fjørtoft og Toivo Fjose. Støtta av Norsk Kulturråd og Det Vestnorske Teateret.
Tid: Laurdag 13. desember kl. 11.00–11.45
Stad: Askøy folkebibliotek

