Foto av hus på Askøy. Fotograf: Marita Aarekol.

Strusshamn: Husdraumar med Marit Eikemo og Marita Aarekol på Litteraturbåten Epos

Dato

Tid

Sted

Litteraturbåten Epos

Litteraturbåten Epos kjem til Strusshamn, og er lasta med bøker, kaffi og to kunstnarar som har kome med ei heilt ny bok!

Ei undersøking i 2026 synte at 200 000 bustader står tomme her i landet, mange i grisgrendte strok. Fotograf Marita Aarekol har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert forlatne hus. Forfattar Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der.

Dette er ei historie om nokre av dei tomme husa, også frå Askøy. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er blant anna arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar og personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar.

Aarekol og Eikemo fortel blant anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ei gigantisk steinblokk klint inntil husveggen.

Tid: Torsdag 12. november kl. 18.00–19.00
Stad: Strusshamn gjestehavn

Gratisbillettar finn du her.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Askøy folkebibliotek og Litteraturbåten Epos.

Foto frå Askøy: Marita Aarekol.