Språk og identitet i randsona: Om språkpraksis blant ungdom på Askøy og Sotra
Er du stolt stril eller oppteken av å halde på dialekta di? Askøyværingen hadde for nyleg ein konkurranse om det mest populære dialektordet. Stemmene hagla inn og “hi sio” stakk av med sigeren. Men korleis står det til med språket på strilelandet?
Professor Endre Brunstad ved Universitetet i Bergen kjem til Askøy og innleiar om temaet. Etter innleiinga vert det samtale rundt småbord der vi diskuterer kva språk kan ha å seie for identitet, sjølvbilde og lokalkultur. Kva verdi kan det ha å velje nynorsk som skriftspråk? Det blir også høve til å dele tankar og synspunkt i plenum.
Velkomen til ein kveld om språk og identitet – vi sjåast!
Tid: Torsdag 18. april kl. 19.00–20.30
Stad: Askøy folkebibliotek
Arrangementet er i samarbeid med Askøy Mållag.