
Heimen langt, langt borte
Eg er verdens modigaste. Eg kan klatre høgt opp i trea og eg tør å gå bort til store hundar. Eg er berre redd av og til. Redd for alle dei store. Redd for kva det gjer med dei små. Redd når eg må springe med tung ryggsekk. Men eg hugsar kva den store fuglen sa. Eg veit me kan klare det.
Dette er ei forteljing om at nokon ikkje har andre val her i verda enn å flykte for å redde seg og sine. Og at det finst håp uansett.
Basert på boka «Fargene som forsvant» av Constance Ørbeck-Nilssen og Akin Duzakin.
For born i alderen 4 til 8 år.
Tid: Torsdag 20. november kl. 10.00–10.30
Stad: Askøy folkebibliotek
Gratisbillettar finn du her.
OBS! Store grupper og barnehagar MÅ kjøpe billettar på førehand.