Haustferien: Tigerpost
Ein dag då den vesle bjørnen skulle gå ned til elva og fiske, sa den vesle tigeren: «Alltid når du er borte, er eg så åleine. Kan du ikkje skrive eit brev til meg?». Det er klart bjørnen vil skrive brev – men korleis skal tigeren få det? Dette er historia om korleis den vesle bjørnen og den vesle tigeren fann opp posten og telefonen, og snudde alt livet i skogen på hovudet!
Ei koseleg eventyrstund basert på Janosch sine klassiske historier. Passar for 3–6 år.
Tid: Onsdag 12. oktober klokka 10.00–10.30 (OBS! Haustferien!)
Stad: Askøy folkebibliotek
BILLETTAR: Det er heilt gratis å vere med, men vil du vere sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar vert gjevne vidare fem minutt før arrangementsstart. Gratisbilletter bestiller du enkelt på https://www.hoopla.no
OBS! Store grupper og barnehagar MÅ kjøpe billettar på førehand.