Forfattarmøte med Anders Totland
Forfattar Anders Totland kjem til Litteraturbåten Epos ved Ramsøy kai. Hans nyaste roman «Til jord skal du bli», blei i haust riven ut av butikkhyllene, utan å ha fått ei einaste bokmelding i pressa – og klatra rett inn på bestseljarlista. Som om ikkje det var nok, skal boka no bli film! «Ein tøysethriller,» kallar forfattaren boka, men det er òg eit alvor der. «Til jord skal du bli» er utan tvil ei julehistorie og ein roman utanom det vanlege. Her er det snø, julegåver, juletre og julepynt, men også gangstarar, forsømte barn, drap, blod og gørr. Bokbloggar Kjell Magne Gjøsæter har gjeve «Til jord skal du bli» seksar på terningen, og skriv: “Den er morosam, hjertevarm og sjarmerende på ein sjuk, sjuk måte.»
Anders Totland har på sju år gjeve ut ein drøss med bøker i mange sjangrar og for alle aldrar. Han har skrive faktabøker for barn, kokebok, dokumentarbok om folkeopprøret mot vindkraft, ungdomsromanar, vaksenromanar og no også «tøysethriller». Ein kveld med Totland er ein kveld i livet du aldri får igjen – men det kjem du neppe til å angra på. Som Stavanger Aftenblad skreiv då «Til jord skal du bli» endeleg fekk si første bokmelding rett før jul: «Det finnes verre tidsfordriv.»
Tid: Onsdag 31. mai kl. 19.00–20.00
Stad: Litteraturbåten Epos ved Ramsøy kai
Foto: Marius Knutsen/Gyldendal, Thomas Brevik.