Familielørdag: Purriot og den hodeløse kvinnen
Biblioteket inviterer til familielaurdag for store og små! Vi serverer saft og boller kl. 11.30–12.00. Teaterfremsyninga byrjar kl. 12.00 (passar for 4 år og oppover).
Verdas beste grønsaksdetektiv kjem til biblioteket!
Seint ein vårkveld er Purriot og Paprika med doktor Dadlestad på fuglelytting. Plutseleg høyrer dei heilt andre lydar – eit fælt skrik og eit stort plask. På botnen av sjøen finn Purriot ein kropp. Utan hovud! Bli med Purriot og Paprika når dei oppklarer saka.
Dramatisert frå boka av Bjørn F. Rørvik og Ragnar Aalbu. Framsyninga varar i ca. 40 minutt og er eit samarbeid mellom Askøy folkebibliotek og Bjørnafjorden bibliotek.
Tid: Laurdag 23. mars kl. 12.00–12.40
Stad: Askøy folkebibliotek