Familielaurdag: Ulla Krulle
Ulla Krulle er verdas snillaste og flinkaste strikkedame som jobbar for julenissen, og sjølv om det er lenge til jul så strikkar ho året rundt for å rekke å bli ferdig med alle julegåvene. I dag bestemmer ho seg endeleg for å ta ei strikkepause og invitere til 30-årsjubileet sitt i julenissens tjeneste. Men så skjer det noko muffens. Ho får eit hemmeleg brev og heile feiringa vert snudd på hovudet.
Klarar borna/publikum å hjelpe Ulla Krulle med å tyde brevet og kva det egentlig handlar om? Og vert det feiring av Ulla Krulle?
Ein morosam og interaktiv framsyning der alle er invitert til å feire Ulla Krulle, 30 år i julenissens tjeneste.
Passar for born fra 2–3 år og oppover, store og små og heile familien.
Tid: Laurdag 5. september kl. 12.00–13.00
Stad: Askøy folkebibliotek
