Familielaurdag: Ulla Krulle og den bortkomne høna

Dato

Tid

Sted

Askøy folkebibliotek

Biblioteket inviterer til familielaurdag for store og små!

Vi serverer saft og boller klokka 11.30–12.00.
Framsyninga byrjar klokka 12.00.

Endeleg er våren her og Ulla Krulle, verdas snillaste strikkedame har endeleg litt strikkefri frå julenissen. Ho reiser på hytta for å nyte den deilige sola. Men etter kvart oppdagar Ulla at alt ikkje er som det skal vera. Og når ho finn ei høne i strikkekorga byrjar problema. Høna finn på dei raraste ting og Ulla Krulle får eit strev med å halde den i ro, medan ho prøver å finna ut kven som eig den. Og når ho gjer det er plutseleg høna vekk. Derimot finn ho eit egg. Har høna lagt det? Eller er det Kakebake som ikkje har rydda etter at han laga kake? Og kvar er høna?

Kan barna hjelpe Ulla Krulle med å løyse mysteriet om den bortkomne høna? Ei interaktiv framsyning som passar for barn mellom 2 og 100 år.

BILLETTAR: Gratisbilletter bestiller du enkelt på https://www.hoopla.no