Skjønnlitterær labyrint

Ein labyrint er ein stad der ein kan frykte å gå seg vill, men også ein stad der ein kan mestre å finne fram. I biblioteket har vi ein skjønnlitterær labyrint, ei buktande bokhylle der du kan leite etter den gode leseopplevinga. Ei rekke feelgoodbøker står med raude lauv på ryggen. Sjå om du finn den nye flotte mikroutstillinga vår. Ta deg tid til å undre litt. Denne forseggjorde utstillinga er laga av elev frå Hop vidaregåande skule som har vore her på yrkesfagleg fordjuping.

Foto av hender som lager ting
Foto av bøker og tørket rose
Foto av tørket rose