Storstove, bestestove, finstove. I tradisjonell tyding er det ikkje sikkert at vår nye kultursal Fossen er eit slikt rom. I overført tyding, som ein stad der mange menneske samlast, treff storstove godt. Fossen er i sitt første leveår som kulturbringar. Gjennom sceneframsyningar, debattar, seniortreff, språkkafé og andre aktivitetar har mange hatt kulturopplevingar her. Har du vore i Fossen? Fortel oss gjerne om di oppleving!

