I intime omgjevnadar i Tesalongen fekk publikum ein særs fin time med forfattar Tormod Haugland i samtale med sosiolog og litteraturformidlar Berit Barkesten i går. Vi vart tatt med inn i strilelandskap, i språk og det magisk-realistiske. Det vart attkjennande nikking, smålått og undring frå tilhøyrarane. Haugland feirar heile 30 år som forfattar og den ferske boka Sirenene har fått glimrande omtalar. Bøkene til Tormod Haugland kan du låne på ditt lokale bibliotek.

