Ein glad bibliotekar fekk lodde ut ekstrapremie i Sommarles! Ein heldig lesehest fekk beskjed om å hente dette handlenettet med forskjellig sommarmoro i. Dette var såpass gøy at vi må nok gjere det igjen seinare i sommar! Og hugs, vi er ikkje ein gong halvvegs i sommarlestida, så det er masse tid til å bli med. Gå inn på Sommerles og hiv deg med på moroa!