Vil du skyte deg inn i verdshistoria i ein heimelaga fiskebolleboksrakett? Om vi er blitt tulleruske her i biblioteket? Nei, nei, nei. Ragnhild Franzen, sjef for fiskebolleboksfabrikken, vil vera først ute med å sende sin rakett rundt månen, den som Nils og far har bygd. Men kjem oppskytningsknappen tidsnok? Franzen skyr ingen middel, for å vera nummer to er det same som å tape. Bli med på ei dramatisk, morosam og litt tullerusk framsyning i biblioteket på laurdag, den 25. februar. Gratisbillettar finn du her.