Har du tenkt på at du kan finne gamle bilete av slekt og stadar direkte frå di eiga stue? Dei digitale samlingane er rike kjelder til å finne forteljingar frå fortida. Her får du ei oversikt over nokre av dei historiske fotosamlingane du har tilgang til, der bilete frå Vestlandet utgjer vesentlege eller delar av samlinga.

Visuell historieforteljing

Det er fint å søkje i historiske fotosamlingar og finne gamle og ukjende bilete av familie, slekt, kjenningar, stadar ein har budd, båtar, gardsreiskapar og anna. Kanskje ein finn noko ein hugsar frå barndommen eller lærer noko nytt om korleis dei før oss har levd? 

Foto er viktige kjelder til kunnskap. Dei fortel om korleis samfunn, busetnad og mykje anna har endra seg over tid. Det same har fotografiet som teknikk og uttrykksform.  Utviklinga har gått frå daguerreotypi og lang eksponeringstid på 1830- talet, via analoge kamera fram til dagens digitale verd, der fotografering ikkje lenger er ei like høgtidleg og alvorsam hending som tidlegare.  

Mange er interessert i fotosamlingar etter fotografar og enkelpersonar. Samlingar vert tekne vare på av sogelag, kommunar og eldsjeler. I denne oversikta nemner vi nokre av dei største samlingane med tilknyting til Vestlandet. 

Fotosamlinga til Fylkesarkivet i Vestland

Notkast, eldre foto frå samlinga til Fylkesarkivet i Vestland

Notkast etter sild vest av Florø, 1953. Fotograf Malvin Horne. Frå webarkivet for foto, Fylkesarkivet i Vestland.

Ei av dei mest verdfulle samlingane for Vestlandsregionen er fotosamlinga til Fylkesarkivet i Vestland fylkeskommune.  Arkivet tek vare på, gjer tilgjengeleg og formidlar offentleg og privat kjeldemateriale, som eldre fotografisk materiale.  

Fotoarkivet forvaltar ei omfattande samling med kring 300 000 foto frå heile fylket. Det vert kontinuerleg jobba med å digitalisere materialet, og vel 117 000 foto er no tilgjengelege i webarkiv for foto (foto.fylkesarkivet.no/)

Fylkesarkivet har fotografiske materiale etter privatpersonar, lag og organisasjonar, verksemder og dei profesjonelle fotografane frå fylket. I samlingane finn ein mellom anna det historiske fotoarkivet til Årdal Verk, fotoarkivet etter avisa Sogn Dagblad og negativarkiva etter ei rekke profesjonelle fotografar som Olai Fauske, Malvin Horne og Nils O. Reppen. Ei av dei sist samlingane arkivet har motteke, er fotoarkivet etter fotografane Bjørn Bergum og far hans, Leiv Bergum, der folkelivsbilete frå Sogndal på 1950 og 60-talet er sentrale motiv. 

Frå Sogn og Fjordane til Vestland

Fotoarkivet byggjer på mange års innsamling og digitalisering ved tidlegare Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Ei stor tyngd av materiale er difor frå nordre del av Vestland fylke. No veks arkivet med tilskot frå søre del av fylket, der nye samlingar  har kome til.  

I Etne er det på gang eit samarbeidsprosjekt mellom kommune, Etne sogelag og Vestland fylkesarkiv om å digitalisere delar av negativarkivet etter fotograf Willum Ekrheim. Samlinga er på over 30 000 negativar. Gjennom eit langt og innhaldsrikt virke dokumenterte Ekrheim menneske og hendingar i Etne og omland. 

I Vaksdal har eldsjeler i Vaksdal historielag i mange år arbeidd med å ta vare på historiske foto. Fotosamlinga består av fleire delsamalingar, m.a. etter lokalavisa Bruvik som kom ut i åra 1952 til 1975. Andre foto er frå privatpersonar, og ei delsamling skil seg ut. Det er bileta til  Wilhelm Salberg (1866-1940) som i 1909 flytta frå Tyskland til Dale for å jobbe ved Dale Fabrikker. Salberg var ein ivrig fotograf av både familie og omgjevnader. 

Det let seg gjere å tinga bilete frå denne fotosamlinga. Informasjon om dette og om vilkår for bruk av bilete finn ein her:  Bestille foto? – Fylkesarkivet i Vestland (fylkesarkivet.no). 

Bilete som har falle i det fri

Bilete der opphavsrettslege avgrensingar ikkje er kjende, har Fylkesarkivet gjort bileta tilgjengeleg for allmenn bruk på Flickr Commons: Om fylkesarkivet på Flickr (fylkesarkivet.no). 
 

Biletsamlinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen

Samlinga er ei av landets største og mest verdsette for historisk fotografi, og den inneheld enkeltbilete og fotosamlingar av varierande storleikar frå fotografar, samlarar og private gjevarar – til saman omkring ein halv million fotografiske bilete. Det er særleg den store og fotohistorisk viktige Knud Knudsen-samlinga og samlinga etter Sophus Tromholt som er grunnlaget for biletsamlinga sin nasjonale og internasjonale status. Knudsen-samlinga inneheld negativ og fotografi frå 1862 fram til 1970-åra, medan Tromholt-samlinga viser samisk liv og tradisjonar i Finnmark i 1882-1883. Biletsamlinga vert brukt av forskarar, studentar, presse, forlag  og privatpersonar. 

Via portalen Marcus kan ein søkje i dei ulike samlingane: Marcus – biletsamling ved UiB (marcus.uib.no).

Digitalarkivet

Fotografia er ein del av fleire ulike arkiv i Arkivverket, både etter privatpersonar, private verksemder, bedrifter og foreiningar, og etter statleg forvaltning. Nokre av fotografia er tekne av profesjonelle fotografar, andre av amatørfotografar og privatpersonar. 

I Digitalarkivet – foto (foto.digitalarkivet.no) er det eit enkelt søk, der avgrensing på tidlegare fylke er ei moglegheit. For å bruke det meir avanserte søkeverktøyet, kan ein lage seg ein brukarkonto.   

DigitaltMuseum

Dette er ein felles database over samlingar i norske og svenske kunst- og kulturhistoriske museum. Samlingane inneheld ikkje mindre enn nærare 4 300 000 bilete frå om lag 250 museum. Frå Vestland fylke finn ein mellom anna fotoarkiva ved Universitetsmuseet i Bergen; Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Kystmuseet i Sogn og Fjordane (digitaltmuseum.no). 

Moglegheitene for søk er mange, med avgrensing til region, museum og type samling. Bilete som er falle i det fri er merka med Public Domain (Store Norske Leksikon om Public Domain. snl.no)

Nasjonalbiblioteket si biletsamling

Eldre foto av mann med teksten "Mand fra Bremanger i Søndfjord"

Finn skattar i dei digitale fotosamlingane. Dette er frå  Nasjonalbiblioteket.

Samlinga inneheld fotografi, postkort, grafiske trykk og illustrasjonar publisert i og om Noreg. Fotoarkiv etter ei rad med verksemder og personar er tekne vare på, og samlinga inneheld ikkje mindre enn 630 000 bilete.  

I nettbiblioteket (nb.no) kan ein avgrense søket til fotosamlingane, og vidare kan ein bruke ulike avgrensingar og filter for å få eit mest mogleg korrekt søk, eller ein kan søkje i dei ulike samlingane her:  Biletsamlingar ved NB (nb.no/samlingen/bilder/). Også bilete herifrå er merka med Public Domain. 

Fotografiske tenester frå institusjonane

Fleire av institusjonane som er nemnde, tilbyr brukarar å sjå originalmateriale på lesesal. Dei lagar digitale kopiar, eller ein kan tinge trykk av bilete på fotopapir. Institusjonane har visse vilkår knytt til bruk av bruk av bileta, m.a. må ein ta omsyn til opphavsrett og namngje opphavspersonar på rett måte.  

Tekst: Sigrid Furnes, bibliotekutvikling Vestland. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller innspel til artikkelen: sigrid.furnes@vlfk.no 

Bilde heading: Rach Teo, Unsplash
Bilde inni: 1. Notkast etter sild vest av Florø, 1953. Fotograf Malvin Horne. Webarkivet for foto, Fylkesarkivet i Vestland.
Bilde inni: 2. «Mand frå Bremanger i Søndfjord», frå Nasjonalbiblioteket si fotosamling.


Denne artikkelen er hentet fra Bibliotekutvikling Vestland
Share This

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av informasjonskapsler (cookies) Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close