Veslemonster og Storemonster har begeistra små og store lesarar frå dei første bøkene i serien kom ut i Noreg i 2011. Bøkene har vunne ei rekkje prisar og er omsette til mange språk. Ved første augekast kan monstera sjå skumle ut med kvasse tenner og hårete kroppar. Det visar seg straks at dei kan bli redde, sinte og fortvila – ha monstrøse kranglar og ikkje minst vere dei beste vener i verda.
I den femte boka Monsterbesøk kjem Storemonster for å ta med seg Veslemonster på fisketur. Dei er alltid på fisketur på laurdagar. Men Veslemonster har fått Raggmonster på besøk, så han kan ikkje! Kva skal Storemonster gjere no? Det finst jo ikkje gøy å fiske åleine!
Til høgtlesing og samtale
Monsterbøkene tar for seg gjenkjennelege tema med humor, snert og varme, som kan treffe eit breitt publikum. Nynorsksenteret meiner bøkene eignar seg fantastisk godt til lesetrening, samtidig som dei er gode samtalebøker. Her finn du ei vurdering av Monsterbesøk og Monsterknipe frå boktipsa til Nynorsksenteret (nynorskbok.no).
Bøkene er skrivne av svenske Kalle Güettler, færøyske Rakel Helmsdal og illustrert av islandske Áslaug Jónsdóttir. Dei norske utgåva er omsette frå islandsk av Tove Bakke.
Monsterbesøk ute
Vestland fylkeskommune har i samarbeid med folkeakademia i Sogn og Fjordane og Hordaland, gjeve støtte for å få utarbeidd ein produksjon basert på Monsterbøkene.
Adele Duus står bak ei figurteaterframsyning om kor vanskeleg det er å vere tre. Framsyninga passar for heile familien. I vinter kan du få den med deg på ulike arenaer utandørs kring i fylket. Her er oversikt over tidspunkt og stadar for Monsterbesøk med Adele Duus. Sjå meir informasjon på ditt lokale bibliotek.
29.01.22 Øygarden: Monsterbesøk i dagsturhytta | Øygardsbiblioteka (xn--ybib-fra.no)
30.01.22 Alver: Monsterbesøk – utandørs figurteater med Adele Duus på Byngja — Turer og aktiviteter — Nordhordland Turlag (dnt.no)
18.02.22 Stord
18.02.22 Fitjar
19.02.22 Kvinnherad
20.02.22 Tysnes
11.02.22 Sogndal
10.03.22 Lærdal
12.03.22 Luster
13.03.22 Årdal
19.05.22 Samnanger (flytta)
Her kan du kikke i «Monsterbesøk»:
Utdrag frå Monsterbesøk Skald forlag.
Fleire monsterbøker
Monster er gøy! Her finn du tips til ei rekkje barnebøker om monster frå Sølvberget bibliotek og kulturhus. (sølvberget.no)
Gratis bildebøker på nett
Visste du at du finn ei rekkje bildebøker gratis i Billedbokhylla? Dette er bøker frå før 2000 som Nasjonalbiblioteket har skanna inn, og gjort enklare tilgjengeleg gjennom eit prosjekt ved Hammerfest bibliotek. Gå på skattejakt i Billedbokhylla her (Billedbokhylla, Hammerfest kommune).
Bilde heading: Frå Monsteresøk, Skald forlag
Bilde i artikkelen: Adele Duus, Norsk forfattersentrum
Denne artikkelen er hentet fra Bibliotekutvikling Vestland