BiblioBattles

To all Gamers! Bli med på Noregs store spelturnering i haust!

Konkurrér to mot to i Fortnite eller bygg dei flottaste byggverk i Minecraft. Turneringa startar i september med rundar som først går fylkesvis. Finalen er i forbindelse med Nordic Game Week 7. til 13. november.

I Fortnite melder du og gamerkompisen din seg på, og spelar då saman gjennom heile turneringa. Turneringa går først fylkesvis med 40 lag. Dei påmelde møter på turneringsdagen opp på Discord-serveren og får hjelp der til å komme med. Begrensa antal plassar!

I Minecraft er det om å gjere å bygge det flottaste byggverket på ein time! Her går også dei første rundane fylkesvis. Det er 15 spelarar i kvar kamp. Spelet går i creative mode og alle har fri tilgang på alle materialar. Ein Discord-server blir satt opp slik at alle enkelt kan bli med. Fire karakterer fra Minecraft

Turneringa blir strømma direkte med kommentator på Twitch.

Her kan du lese meir om turneringa.

Påmeldingsfrist er 31. august!

Fyll ut dette skjemaet for å bli med i MINECRAFT eller FORTNITE!

Logoen til BiblioBattles 2021