Bibliotekarane er kjempeglade! Ikkje berre er det sol ute, fridag i morgon og snart 17. mai – men vi har fått opp nye møblar på barneavdelinga! Den store tomme veggen vår har venta lenge, men endeleg er alt på plass. Så då er det berre å krype oppi neste gong du er innom!