Nasjonalbiblioteket scannar norske bøker og gjer tilgjengeleg gjennom Bokhylla, mellom anna bildebøker frå fram til år 2000. I Billedbokhylla er bildebøkene samla så dei skal vere lett å finne og søke i.
Her finn du ei liste over bildebøkene som er samla så langt, og her kan du sjølv søke etter forfattarar, titlar og emne i desse bøkene. Du må vere på nett for å lese, anten på ein PC eller eit nettbrett.
Det er lett å søke i bildebokhylla.no.
Billedbokhylla er eit prosjekt frå Hammerfest bibliotek med støtte frå Nasjonalbiblioteket for å gjere bildebøker meir tilgjengeleg for barnefamiliar, barnehagar og bibliotek.
Diverre er det ikkje alle bøkene som har like god bildekvalitet i dei digitale versjonane. Her finn du ei eigen liste med dei bøkene som har best digital kvalitet.
Denne artikkelen er hentet fra Bibliotekutvikling Vestland