No er det nesten advent, og dei siste adventskalendarane står klare til henting i biblioteket! 480 bøker har blitt pakka inn, til 20 heldige familiar som skal få kose seg med ei ny bildebok kvar dag i desember. Fekk du også lyst på meir lesestoff i førjulstida? Vi har fortsatt masse fine adventsbøker du kan komme og låne.