Boktips: 121 fantastiske opplevelser i Norge av Torild Moland

Bokomslag Her får du alt det fantastiske Norge har å by på som du ikke visste eksisterte! Skal du på Norgesferie, vil du ikke gå glipp av denne. Fantastiske bilder, tips og reiseopplevelser jeg ikke visste vi hadde i dette landet, er denne boken proppet med. Her er noe både for store og små familier, men kanskje mest for deg som leter etter det unike og spesielle til prikken over i-en på ferien din.

Omtalen er skrevet av Irene.

Jeg vil låne boken!

Boktips: 1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk

Bokomslag Johanna har akkurat begynt på ungdomsskulen. Og heldigvis går bestevennen hennar, Georg, i same klasse. Ho trudde i alle fall det var ein god ting. Heilt til ho innser at Georg ofte seier litt teite ting. Han er for barnsleg. Ho har vore venn med Georg heile livet, men for første gong kjenner ho at ho blir flau. Flau av han, av å vere venn med han. Det er berre ein ting å gjere – dei må ta ein pause. Sette vennskapen på pause i 1000 dagar, til ungdomsskulen er over.

Sårt, morosamt og gjenkjenneleg om vennskap og den kronglete ungdomstida.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Eg vil låne boka!

Boktips: Historien om Arthur Truluv av Elizabeth Berg

BokomslagKanskje er ikke generasjonskløften så stor likevel; behovet for å bli sett og høre til et sted er det samme. Enten du som pensjonist tilbringer hver dag med å spise lunsj ved graven til din kone eller du sniker deg unna storefri på skolen for å vandre i fred på kirkegården. Er du åpen for det, kan det oppstå uforglemmelige vennskap der du minst venter det. For ensomheten tiner i nærvær av andre. Er du klar for en hjertevarm bok, så velger du denne. Anbefales.

Omtalen er skrevet av Irene.

Jeg vil låne boken!

Boktips: Codex av Tom Egeland

Bokomslag Under ei arkeologisk utgraving i Roma blir ei to tusen år gamal tekstsamling og ei tornekrone funne i ei grav. Kort etter er to av arkeologane døde og gjenstandane er forsvunne. Kva er det den nevrotiske arkeologen Bjørn Beltø har blanda seg opp i no?

I kjent Egeland-stil blir vi dradd inn i kristne mysterier der fakta og fiksjon, fortid og notid blir blanda saman til ein spennande historisk thriller. Dette er den åttande boka i serien om Bjørn Beltø.

Omtalen er skriven av Kristian.

Eg vil låne boka!

Boktips: Heimat av Nora Krug

Bokomslag Kor godt kjenner du familiehistoria di? Må du vite kor du kjem frå for å vite kven du er? Nora Krug kjem frå Tyskland, og har aldri visst mykje om dei som kom før ho. I vaksen alder byrjar ho å nøste opp i kven besteforeldra hennar var, kva dei opplevde og ikkje minst kva rolle dei hadde under krigen. Resultatet er «Heimat», ei vakker og uvanleg bok som puslar saman historiene om familien og prøver å danne bilete av menneska ho stammar frå. Ei visuell familiehistorie og ein refleksjon rundt identitet og kva det er å høyre heime.

Eg vil låne boka!

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Boktips: Alma Freng og solfangerne av Ida Tufte Michelsen

Bokomslag Alma og faren flyttar inn i nytt hus, igjen. Det går aldri lenge mellom kvar gong. Ein dag bankar det på døra, og farmora Alma aldri har møtt står der. Kvifor blir pappa så sint? Kvifor seier han at Alma aldri får treffe henne? Der er ein hemmelegheit i familien, noko Alma skal vise seg å vere ein viktig del av. Alma har nemleg evner ho aldri har visst om, og dei må ho lære seg å bruke. Ny norsk fantasy for mellomtrinnet, spennande og magisk.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Eg vil låne boka!

Boktips: Kvinner i kamp av Marta Breen og Jenny Jordahl

Bokomslag Har du tenkt over kor mange utrulig tøffe damer som har komme før oss? I denne boka tek Marta Breen og Jenny Jordahl for seg kvinnekampens historie gjennom 150 år; frå Harriet Tubman sin kamp for slavar på 1800-talet, suffragettene på 1900-talet og fram til Malala i dag. Kampen for kvinners stemmerett, rett til utdanning og til å bestemme over eigen kropp er ikkje noko som kom av seg sjølv, og denne boka viser nettopp dette.
Fantastisk illustrert av Jordahl har dette blitt ei fascinerande og lærerik bok om evig aktuelle tema. Boka er skrive for ungdom, men passar godt for vaksne lesarar også.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Eg vil låne boka!

Boktips: Hvordan jeg tjente min første million av Endre Lund Eriksen

Bokomslag av Hvordan jeg tjente min første million av Endre Lund EriksenAlt Robin ønsker seg er ein ryddig heim, fred og ro og at familien kunne hatt litt orden på tilværet. Dessverre er familien ein gjeng med høglytte, uorganiserte raddisar, som går i demonstrasjonstog for å redde verda, men aldri greier å rydde pålegget inn igjen i kjøleskapet. Når Høgre-ordføraren og den veldig kjekke sonen hans flyttar inn i nabohuset får Robin eit glimt av den heimen han eigentleg passar perfekt inn i. Men korleis skal han få plass ved deira spisebord? Det er berre ein ting å gjere, han må bli millionær!

Politikk, komedie, romantikk og forviklingar i skjønn foreining, i ei original og festlig bok for ungdomstrinnet.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Eg vil låne boka!

Boktips: Snokeboka av Lisa Aisato

Bokomslag Når du treffer noen på gata eller i en heis, har du lurt på hvem de egentlig er? Bli med «flua på veggen» og møt 16 veldig ulike mennesker. Boka gir glede, latter, medfølelse og rom til å være som man er. Let gjerne etter flua også. Boka passer for små og litt større barn og er ypperlig til høytlesing.

Lisa Aisato er kjent for sine flotte og lett gjenkjennelige illustrasjoner fra en rekke bøker.

Omtalen er skrevet av Marianne.

Jeg vil lese boka!

Boktips: Ti kniver i hjertet av Nora Dåsnes

Bokomslag: Ti kniver i hjertet av Nora DåsnesTuva skal begynne i 7. klasse og gler seg veldig! Spesielt gler ho seg til å fortsette å lage verdas beste hytte i skogholtet ved skulen, saman med bestevennene Bao og Linnea. Men noko har forandra seg. Linnea vil ikkje leike i skogen lenger, ho har fått seg kjærast, og er opptatt av sminke og kle. Bao og Linnea blir uvenner, og midt i mellom står Tuva og veit ikkje kva ho vil og kor ho høyrer heime. Og som om det ikkje var nok, så blir Tuva plutseleg forelska. Nydeleg grafisk roman om vennskap, forelsking og den litt flokete overgangen frå barn til ungdom. Varmt anbefalt, spesielt for 6.–7. klasse.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Eg vil låne boka!

Boktips: Dødball av Magnus Buen Halvorsen

Bokomslag Spiller du dødball? Johannes har stukket av og ringer hjem til Henrik med dette underlige spørsmålet. Henrik bare må lete etter storebroren sin nå. Men det er han ikke alene om. Hva har Johannes rotet seg bort i? I denne spennende ungdomsromanen følger vi Henrik inn i sjongleringen mellom hverdagen og letingen, mellom å holde på familiehemmeligheter og å dele følelser. I det sterke båndet mellom brødrene finner vi både sårhet og kjærlighet.

Omtalen er skrevet av Marianne.

Jeg vil låne boken!

Boktips: Døgnåpent av Sayaka Murata

Bokomslag 36 år gamle Keiko er timeansatt i ein døgnopen kiosk på attande året, og ho elskar jobben sin. Det skarpe lyset frå taket, duren frå kjøleskapa, plinget når det går i døra – alt er ein del av henne. Men i følgje dei rundt ho, lev ho livet sitt feil. Ho skulle hatt ein ordentleg jobb, eller aller helst vore gift! Ho passar rett og slett ikkje inn. Keiko er lei av maset, og når Shiraka dukkar opp, ein hengslete, usympatisk type som heller ikkje passar inn, får Keiko ein idé.

Ei uvanleg stemme får styre denne historia om normalitetspress og om å stå utanfor samfunnet sin mal for korleis du skal leve. Forfriskande, uventa og presist frå Sayaka Murata.

Omtalen er skriven av Anna Sunniva.

Eg vil låne boka!

Translate »
Share This

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close