
Tesalong med boktips på kveldstid
I lune omgjevnadar presenterast utvalte bøker for vaksne. Set deg ned, slapp av og få inspirasjon til eit rikt utval av bøker. Vi serverer drikke og noko å bita i, med ein smak av «Afternoon Tea». Vi møtast ein tysdag i månaden.
Denne gongen får vi besøk av ein lokal forfattar og podkasten SVEIP:
80 ÅR MED FRED – OG URO!
I år er det 80 år sidan freden kom til Europa og Askøy, men verda er framleis prega av mykje uro. Krigen i Ukraina og på Gazastripa teiknar eit dystert bakteppe for 80-årsmarkeringa, og USA sin nye utenrikspolitikk bekymrer mange. Askøy kommune sin nye podkast SVEIP kjem på Tesalongen 13. mai. Programleiar Stig Ryland har invitert veteranane Andreas Waardal og Svein Halvor Danielsen til ein prat. Dei har begge tenestegjort i Libanon. I tillegg får du og høyre om korleis 2. verdskrig ramma Askøy.
Datoar framover:
- 13. mai kl. 18.00
Påmelding grunna matservering (seinast kl. 12 dagen før). Gratisbillettar finn du her. OBS! Det er få plasser. Ved påmelding, hugs òg å sende ein e-post til bibliotek@askoy.kommune.no om eventuelle matallergiar, så legg vi til rette så godt vi kan.