Høgt oppe på fjellet sitter Flekkmonsteret under kampesteinen sin og knaskar i seg middagen: mose med stein til dessert. Idet han tygg den siste steinen knuser han ei tann. «Au! Eg orkar ikkje meir av denne steinen!» Men kva kan han ete då? Han har hørt frå Brutrollet at sau er det beste, men hare er også godt. Dei er mjuke og fine. Flekkmonsteret likar ikkje sau. Det blir for mykje ull mellom tenna. Kanskje han skal få seg ein hare til dessert? Han går ned på biblioteket for å høyra om dei kan ha nokre bøker om å lage harefeller.
«Flekkmonsteret lagar harefelle» er ei førestilling for born i alderen 3 til 6 år. Basert på boka til Vetle og Hallgeir Opedal.
Tid: Onsdag 3. mars kl. 12.00 (OBS! Vinterferien!) – AVLYST!
Stad: Askøy folkebibliotek