Målgruppa for leksikonet er skuleelevar og alle andre som ønskjer å sjekke faktaopplysingar. Til dømes kan ein ofte ha behov for å kontrollere informasjon ein har funne på nett.
Målet med Store norske leksikon (SNL) er kunnskapsformidling. Det er lagt stor vekt på klart språk og universell utforming. Artiklar om typiske skuletema, som til dømes ‘demokrati’, vert skrive slik at dei passar med alderen eleven eller studenten er i når dei får temaet på læreplanen.
Fagansvarlege står for kvalitetskontroll av innhaldet i SNL Dei skriv også mange av artiklane. Ein fagansvarleg er ein fagperson som forvaltar ein liten del av leksikonet. Mange av dei er tilsett på universiteta.
Temaområde i SNL er Natur og teknologi, Samfunn og historie, Kunst og kultur. I tillegg kjem spesial-leksikona Norsk biografisk leksikon, Store medisinske leksikon og Norsk kunstnerleksikon.
Denne artikkelen er hentet fra Bibliotekutvikling Vestland