Lovdata

På Lovdata finn du mellom anna dei primære rettskjeldene som regulerer borgarane sine rettar og plikter. Denne informasjonen er gratis.

Innhald

Utsnitt frå Lovdata.no

Mange nyttar Lovdata.no til å lese gratis i lovtekstar.

Du kan mellom anna finne oppdaterte norske lovar, oppdaterte forskrifter – både sentrale og lokale, ei samling av oversatte lover og forskrifter, ferske avgjerder frå Høgsterett og lagmannsrettane og Norsk Lovtidend avd. I og II frå 2001. I tillegg ligg eit utval samandrag på norsk av avgjerder frå Menneskerettsdomstolen gratis tilgjengeleg.

Det opne innhaldet er relevant for alle som treng å slå opp i ein lovtekst eller ei forskrift, eller ønsker å sjå nærare på rettspraksis i eit eller anna høve. Bibliotekversjonen av Lovdata Pro inneheld dei fleste av dokumenta som ligg i Lovdata Pro, altså utvida tilgang til dokument samanlikna med det som ligg i den opne versjonen av Lovdata.
Tilgang: Bibliotek kan gi tilgang til tilsette og besøkande i biblioteket. Spør på ditt lokale bibliotek.

 


Denne artikkelen er hentet fra Bibliotekutvikling Vestland