Korleis er miljøet der eg bur?

På Miljøstatus.no finn du kvalitetssikra informasjon om korleis det står til med miljøet i Noreg og kva som verkar inn.

Klimaendringane

Kor mange gradar er det eigentleg den globale oppvarminga av jordkloden er, og korleis har det utvikla seg dei siste tiåra? Korleis står det til i Noreg? Bruk fakta som grunnlag for å diskutere klimaendringane. Under temaet klima finn du kvalitetssikra informasjon om tilstanden til klimaet, kva som verkar inn og kva for tiltak som er i gong.

Kva er Miljøstatus?

Miljøstatus.no er eit samarbeid mellom fleire statlege etatar, mellom anna Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt og Statens strålevern. Miljødirektoratet er ansvarleg redaktør. Miljøstatus omfattar desse tema i tillegg til klima; hav og kyst, kulturminne, naturområde på land, stråling, artar, forureining og støy, friluftsliv, ferskvann, avfall og miljøgifter. Tekst og figurar kan brukast fritt, så lenge ein visar til «Kjelde: Miljøstatus.no».

Miljøet der eg bur

I tillegg til oppdaterte og kvalitetssikra artiklar, er miljøinformasjonen lagra geografisk.
Du kan til dømes finne ut kva for forureining du har i kring deg der du bur, eller kva for sjeldne dyr og plantar. Du kan og finne kulturminne og område som er satt av til friluftsliv. Her kan du sjå miljøinformasjon på kart.
Appen Miljøstatus kart gir deg tilgang til karta tilpassa mobil og lesebrett.

Når du har lasta ned Miljøstatus kart, har du tilgang til mykje spanande informasjon på tur med mobilen i lomma. Du kan opprette ei ruta når du startar turen som registrerer kvar du går. Etterpå kan du velje ulike tema du har lyst å sjekke i ruta du har gått, til dømes kva for sjeldne artar eller kulturminne som finst der du har vore.

Utsnitt frå Miljøstatus

Klima er eit av tolv miljøtema på Miljøstatus.no

Nasjonale miljømål

Miljøstatus.no omhandlar tema for dei nasjonale miljømåla som Klima- og miljødepartementet fastset. Dei seier korleis vi ønskjer at miljøet i Noreg skal vere. Miljømåla har ulike indikatorar som fortel noko om tilstanden til miljøet. Med data på tilstanden over tid, er det mogleg å seie noko om utviklinga. Denne kunnskapen kan brukast til tiltak for eit betre miljø, og som viktig kunnskap for vedtak som omhandlar miljøet.


Denne artikkelen er hentet fra Bibliotekutvikling Vestland