Helsebiblioteket.no gir samla tilgang til ei rekkje ressursar med kvalitetssikra og oppdatert helseinformasjon til helsepersonell og andre.
Helsebiblioteket.no vert drifta av Folkehelseinstituttet og finansiert over statsbudsjettet. Helsebiblioteket skal bidra til å
- heve kvaliteten på helsetenestene
- betre pasienttryggleiken gjennom å gi enkel tilgang til oppdaterte og kvalitetsvurderte kjelder for helsepersonell
Hovudmålgruppa er helsepersonell og studentar i medisin og helsefag. Tenesta innheld fagprosedyrer, oppslagsverk, databaser, tidsskrift og andre kunnskapsressursar. Samstundes blir dei fleste av oss ein eller annan gong i livet pasient eller pårørande, og kan ha nytte av kvalitetssikra og oppdatert helseinformasjon. Delar av tenesta er laga spesielt for desse målgruppene.
Omsorgsbiblioteket
Omsorgsbiblioteket er ein del av helsebiblioteket.no Tenesta samlar og oppsummerer forsking og utviklingsarbeid for kommunale helse- og omsorgstenester. Biblioteket er under utvikling, og nye emne og delemne vert jamnleg lagt til.
Denne artikkelen er hentet fra Bibliotekutvikling Vestland