Kunnskapsbasen Grind er Universitetet i Bergen sin portal for formidling av kunnskap om landskap og livsmiljø, henta frå forskarar ved Universitetet i Bergen og frå fagmiljø som Bjerknessenteret, Havforskningsinstituttet, forvaltningsmiljøa og musea på Vestlandet. Utgangspunktet for GRIND er dei to kunnskapsbøkene om Hordaland; Kulturhistorisk vegbok (1993) og Naturhistorisk vegbok (2004).
Nonneseter kloster
Frå Grind.no. På det visualisterte bildet av klosteret frå 1320 kan ein sjå korleis det såg ut frå fleire kantar.
Nonneseter kloster blei grunnlagt på første halvdel av 1100-talet, litt utanfor Bergen. I dag er det berre ein tårnfot og eit frittståande korkapell/sakristi att. Du finn desse delane av klosteret rett ved Bybanestoppet Nonneseter i Bergen.
Ein kan undre seg korleis det såg ut ein gong. På Grind finn du ei digital visualisering av klosteret ein fin vårdag i 1320 (laga av firmaet Arkikon). Sjå visualiseringa og les meir om Nonneseter kloster her.
Primstaven
Denne artikkelen er hentet fra Bibliotekutvikling Vestland