Faktisk heilt feil?

Stemmer det at folk frå Somalia kjem først i vaksinekøen eller at Erna Solberg har gitt milliardar til Bill Gates? Faktisk.no tar jobben med å sjekke påstandar for oss.

Faktisk.no

Faktisk.no er ein ideell organisasjon og uavhengig redaksjon for faktasjekk av samfunnsdebatten og det offentlege ordskiftet i Noreg, eid av VG, Dagbladet, NRK, TV2, Amedia og Polaris Media. Målet er å bidra til ein open, inkluderande og faktabasert offentleg samtale og konstruktiv samfunnsdebatt. Faktisk.no skal også avdekke og hindre spreiing av oppdikta falske nyhende.

Utklipp frå ein faktasjekk om covid-19 frå faktisk.no

Faktisk.no har sjekka ein påstand om at influensa og andre sjukdommar slår ut positivt på covid-19-test, og fann ut at dette stemmer ikkje.

Kva finn du?

Her finn du ein grundig gjennomgang av diverse faktapåstandar. Det er kun faktapåstandar som blir sjekka, ikkje kjensler og meiningar. Ein påstand kan bli delvis feil eller delvis sann, – eller ikkje sikker. Nærleik, aktualitet og sensasjon er med på å avgjere kva for påstandar som blir sjekka. Påstanden skal mellom anna vere relevant, ha interesse for folk flest og basert på informasjon som er mogleg å kontrollere.
Når ein faktapåstand blir plukka ut for faktasjekk, blir avsenderen kontakta for å verifisere påstanden, konteksten og kva for faktagrunnlag og eventuell dokumentasjon som ligg til grunn. Sakene er delt i reine faktasjekkar, artiklar som går meir i djupna og kortare notisar.

Her finn du meir informasjon om metodane på faktisk.no.

Her finn du statistikk over faktasjekk av organisasjonar og personar.


Denne artikkelen er hentet fra Bibliotekutvikling Vestland